Søk hytter:



Hytter i Rogaland med Hytter Norge

Rogaland - VANDRING
Ryfylke byr på eit mangfald av merka løyper for fotturar, nokre er enkle og andre litt tøffare. Det er viktig å vise respekt for naturen og kjenne eigne grenser for fysisk utfalding. Turklede, regnklede for det skiftande kystklimaet, solide støvler med god såle for fjell vert tilrådd. Mat og drikke frå ryggsekken er godt når målet er nådd. Ikkje alle turar til kjende turistmål passer for barn og folk med dårleg kondisjon. Følg skilt og tilrådingar og ta ikkje sjansar. For fotturistar fi nst det eigne bøker og kart. Ryfylkeheiane med Stavanger Turistforening sitt løypenett gjev fl otte opplevingar i fjell og hei. Løypene er vist på utbrettskartet og kommunekarta. Om du vil vere mest for deg sjølv, spør etter fl eire ruteforslag på turistkontora, Ryfylkemuseet eller hjå Stavanger Turistforening. Postboks 239, 4001 Stavanger. Tel. 51 84 02 00, Fax: 51 84 02 14. E-post: informasjon@stavanger-turistforening.no

Kilde: www.ryfylke.com Ryfylkeguiden 2006

Forsand Rogaland      
SYKLING
Ryfylke byr på interessante vegar for deg som liker å kjenna dufter og høyra naturen sine lydar frå eit sykkelsete. Likevel: Rv 13 Ryfylkevegen er ikkje tilrådd for syklistar pga smale vegar, tunnelar og mykje trafi kk på visse strekningar. Prøv heller avstikkarar frå Ryfylkevegen som ny rundtur på Randøy (Hjelmeland), ut til Jelsa (Suldal), rundtur på Ombo (Finnøy/Hjelmeland), fjelltur mellom Årdal og Songesand (Hjelmeland/ Forsand), mot Fiskå (nord i Strand) og rundt Kvalvåg (Strand/Forsand). For den spreke; prøv Rv 520 frå Sauda over Røldalsfjellet til Røldal! Frisk fjelluft og nysgjerrige geiter treff du der. Likevel er øyriket i vest, mest i Finnøy kommune, eldoradoet for syklistar. Eit frodig kulturlandskap og eit aktivt landbruk med mange beitande dyr møter deg. Eige sykkelkart fi nst for øya Finnøy. Kombinasjon med hurtigbåt og sykkel går fi nt mellom fastlandet og fl eire øyer, sjå rundturforslag nr 9 bak. For Rogaland som heilskap fi nst det eit eige planleggingskart for sykkelturar (tre språk), spør på turistkontora.

FISKE OG BÅTLIV
UTFORSK RYFYLKE FRÅ BÅTEN
Dalen Rogaland      
Ryfylke kan freiste småbåtturisten med skjærgårdsidyll og eit unikt øyrike. Her kan du liggje ved fl otte gjestehamnar eller tilrettelaga natur- og uthamnar. Mange bortgjøymde perler fi nn du óg om du vil vere litt aleine. Ta deg ein dans på brygga i godt lag eller berre nyt båtlivet i ei stille vik. Fritidsfi ske er populært i Ryfylke, og det fi nst eit rikt mangfald i fi sketilbod. Gode lakseelver, stille fjellvatn og eit fjordrikt landskap lokkar. Mange plassar får du leigt deg ein båt og fi skeutstyr. Ta deg ein roleg dag på fjorden; tenk deg sola som varmar, fi sk på kroken og klukkande bølgjelydar. Om vinteren: Ta båten til fjells! Det er godt tilrettelagt for småbåtar i Ryfylke. Gjestehamner og miljøstasjonar fi nn du i alle kommunane, og natur- og uthamnar er tilrettelagte fl eire plassar. Legg båten til ei uthamn eller ved butikkbryggja og fi nn på noko på land. La deg freista av fi ne turstiar eller ein bygdaveg med liten trafi kk. Ta med deg sykkel eller leig deg ein! Mange av attraksjonane ligg i gåavstand frå båthamna. Eller kanskje eit måltid med heimelaga mat på kaien t.d. på Oanes, Randøy, Fister, Hålandsosen og Sand lokkar? Bruk båten på ein av dei mange festivalane i sommar, et godt og kos deg i folkefesten, sjå oversikt framføre. Ta kontakt med turistkontora for meir informasjon, eller sjå karta eller info under kvar kommune og på www.ryfylke.com

andre friluftsaktivitetar for grupper heile året. Sjå www.ryfylke.com for arrangement og tilbod for grupper eller kontakt turistkontora.

Kilde: www.regionstavanger.com
Online booking: